Torsdag kveld var det duka for fotballfest i Skjold. Skjoldar IL sitt nye anlegg på Vikaneset vart for fyrste gong benytta til heimekamp i 5. divisjon. Anlegget har stått klart eitt år allerede, men dette var første høve for skjoldabuen å sjå A-lagsfotball på Vikaneset på fleire år. Og heimelaget Vats94/Skjoldar svikta ikkje dei omlag 120 tilskodarane som hadde møtt fram. Heile 7-0 vart sluttresultatet mot botnlaget Ferkingstad. Morten Frøland(3), Joachim Frøland(3) og Mandius Vårvik stod for måla. Det var lagt opp til fest med vaffelsalg, sang og leikar i pausen. Alt vart sydd saman av speakeren Svein Håkull.
Les meir om forballfesten og kampen i måndagens avis.