Ingen av sjåførane hadde utslag då politiet natt til fredag heldt ein kontroll på E134 på Knapphus og blant anna sjekka promille. Ein bil blei avskilta for manglande betalt årsavgift. I tillegg blei éin person anmeldt for køyring utan gyldig førarkort.