Ølen tilkjent tre poeng

Utsett fotballkamp blei heller ikkje avvikla.

Ølen sin vårkamp mot Ferkingstad blei ikkje spela fordi Karmøy-laget ikkje kunne stilla lag. Dei fekk ny sjanse av Rogaland fotballkretsen på avtalt dato mellom dei to laga. Då den utsette kampen skulle avviklast tysdag denne veka, skjedde det same igjen. Ferkingstad hadde ikkje nok spelarar til at seriekampen i Ølen kunne gjennomførast. Ølen er dermed tilkjent sigeren og resultatet 3-0, opplyser Svein Gunnar Hermansen i fotballkretsen. Ferkingstad får halda fram i serien, men skjer dette éin gong til, vil kretsstyret behandla saka og truleg ta laget ut av serien.