Semje om nytt fylke

Vestlandsregionen bli namnet på den nye administrative eininga som skal erstatta dei tre fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Dette blei klart torsdag morgon etter ei lang natt med forhandlingar. Sjølv om avtalen kjem i boks, er det høgst usikker på om den kjem til å passera politisk behandling i dei tre fylkestinga. Det er kjent at det er sterk motstand i Rogaland.

Intensjonen går ut på å etablera det nye vestlandsfylket alt frå 2020 med hovudsete med politisk leiing og fylkesrådmann i Bergen. Andre funksjonar blir fordelte; blant anna kan Sogn og Fjordane få det store statlege embetet Fylkesmannen, samt veg og kultur, medan Stavangar skal ha ansvar for næring og opplæring, i tillegg til kollektivsektor og idrett.