Asbjørn Moe i Tomteselskapet Etne AS  håpar at anleggsarbeida er i gang i Fitja-feltet på nyåret. Men det avheng av tre positive vedtak i kommunestyret torsdag. 
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening meiner det ikkje er noko fasitsvar på kvifor folketalet går ned i Etne og Vindafjord. Han meiner både næringslivet og kommunane kan gjere ein betre jobb. ArkivBilde 1 av 2
Dei fleste tomtene i Fitja-feltet får utsikt mot Etnefjorden.
Dei fleste tomtene i Fitja-feltet får utsikt mot Etnefjorden. Bilde 2 av 2

Sentrumsnære tomter

Fitja-feltet er det største bustadtomt-prosjektet i Etne på mange tiår. Nå er det endeleg klart for oppstart.

Det er Fitja-feltet, nord for Etne sentrum og rett vest for Silda-feltet, som om kort tid skal leggjast ut for sal. Til saman 59 sentrumsnære tomter, kor det halv-offentlege tomteselskapet skal stå for salet av 47 tomter, og grunneigar Helge Haaland for 12.

 Forhandlar med entreprenør

Det har teke tid å byggemodne feltet, men no er ting på skinner. Nyleg gjekk anbodsfristen for opparbeiding av veg, vann og avløp ut. Bjarne Nordtveit AS er innstilt som entreprenør. Det skal forhandlast før endeleg kontrakt blir signert.

— Snittprisen for tomtene vil vere 850.000 kroner, fortel Asbjørn Moe på vegner av Tomteselskapet Etne AS.

Titals namn på ei liste over interesserte kjøparar

Det er den same prisen ein estimerte om ein fekk til oppstart i 2014.

— Det seier noko om at det er gode tider for be om pris, seier Moe.

Fleire interessentar

Salsprosessen vil i første omgang halde fram for for fullt mot nyttår, og responsen i marknaden vil saman med sluttføring av finansiering med bank og eventuelle garantisatsar vere avgjerande for kor tidleg ein går i gang med anleggsarbeidet.

— Me har nokre titals namn på ei liste over interesserte kjøparar, men kor mange som faktisk skriv kontrakt har me jo ikkje svaret på enno, seier han.

Moe fortel om interesse både frå folk som bur i Etne allereie, og moglege tilflyttarar.

Ni månadars anleggstid

Tomteselskapet Etne AS, som er eigd av Etne kommune, Etne Sparebank og rekkje private lokale verksemder innan bygg- og anleggssektoren saman, vart i si tid skipa for å kunne kome i gang med utvikling av bustadfelt i kommunen. Men tomteselskapet har ikkje økonomi til å løfte Fitja-feltet åleine. I andre felt kor tomteselskapet er involvert, til dømes i Prestalio i Skånevik, har lokale verksemder garantert for nokre av tomtene. Men kvart prosjekt i regi av tomteselskapet har sin eigen økonomi, og førebels er det ingen slike garantiar inne i Fitja-feltet. Men det kan kome.

— Får me seld tomter og ordna finansiering og garantiar, vil anleggsarbeidet starte til vinteren, seier Moe.

Anleggsperioden for grunnarbeida er venta å ta om lag ni månader. Når den er over, kan kjøparane starta bustadbygging.