Skånevik har så langt bak seg ein svært god sesong i fotballens 6. divisjon og ligg på ein klar andre plass etter 13 serierundar. Siste motstandar, Sveio blei slått heile 1-5 på utebane etter at det stod 1-1 ved pause. For Skånevik skåra Iben Andre Skogen Johnsen, Martin Kristiansen (to, det første på straffe like etter sidebytte), Tommy Johansson og Kenneth Straumsøy. Sistnemnde er klubben toppskårar med åtte fulltreffarar. Åkra 2 toppar tabellen seks poeng føre Skånevik. Dei to laga møtest til toppduell i Skånevik tysdag 13. september. Skånevik står med sju heimesigrar og har ikkje avgitt poeng på eige gras i sesongen.
Tabell 6. divisjon
Kampar | Poenga | ||
1 | Åkra 2 | 13 | 36 |
2 | Skånevik | 13 | 30 |
3 | Kolnes | 13 | 25 |
4 | Vard Haugesund 3 | 13 | 23 |
5 | Torvastad 2 | 13 | 18 |
6 | Trott 2 | 12 | 13 |
7 | Sveio | 12 | 11 |
8 | Falkeid | 12 | 10 |
9 | Tiger FK | 13 | 10 |
10 | Haugaland FK | 12 | 5 |