Lågare aktivitet ved Westcon Yards i Ølensvåg det siste året er noko av årsaka til at arbeidsløysa i Vindafjord har auka.
ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Lågare aktivitet ved Westcon Yards i Ølensvåg det siste året er noko av årsaka til at arbeidsløysa i Vindafjord har auka. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN

Får liggja i eitt år

Fylkesmannen i Rogaland har sagt ja til at den oppjekkbare riggen «West Epsilon» kan plasserast på sjøbotnen inst i Ølsvågen.

Det er Westcon Yards som via kommunen har søkt om tidsavgrensa løyve for å plassera den høge riggen inst i fjorden. Fylkesmannen har etter forureiningslova sagt ja til at den kan ligga der i fram til 1. november 2017.

Vedtaket om løyve kan påklagast til Miljødirektoratet, via Fylkesmannen, innan tre veker.

«West Epsilon» har tre bein som har påmonterte føter som skal kvila på sjøbotn. Det skal også leggjast elektrisk kabel på sjøbotnen frå verftet og ut til riggen.

— Botnsedimenta i området er forureina av den organiske miljøgifta tributyltinn (TBT). Det er difor i løyvet stilt krav om at sjøbotnen der riggføtene skal kvila, skal dekkjast med eigna material før nedsetjing av riggen, for å hindra oppvirvling av forureina botnsediment, heiter det i vilkåret frå Fylkesmannen i Rogaland.

Løyvet og søknaden er lagt ut til offentleg ettersyn.

Den planlagte plasseringa av riggen som vil raga 150 meter over sjøflata, har uroa folk i Ølensvåg og for to veker sidan blei det halde eit folkemøte om saka.