Ferkingstad får ny sjanse

Etne har avtalt ny heimekamp mot Ferkingstad i fotballens 5. divisjon. Kampen var sett opp førre torsdag, men blei ikkje gjennomført då motstandaren frå Karmøy meldte frå at dei ikkje kunne stilla lag. Etne har gått med på å få gjennomført kampen og planen er at den skal gå torsdag kveld, 13. oktober på Etne kunstgrasbane