Hans Nielsen Hauge-kveld

Torsdag 20. oktober får Etne sogelag besøk av tidlegare sokneprest i Etne, Jens Olav Mæland, som vil ta føre seg Hans Nielsen Hauge si verksemd her i vårt område. Mæland har lagt ned mykje arbeid i å kartleggja Hauge sine kontaktar og verksemd lokalt, og kva følgjer det har hatt av både andeleg og materiell karakter. Han stiller også spørsmål om det «haugianske» har adresse til oss i dag. Det vil også bli vist eit lite klipp frå den gamle haugefilmen som i si tid blei innspelt delvis i Etne, med lokale artistar, og sokneprest Huseklepp i hovudrolla. Arrangementet er lagt til Etne bibliotek.