Hatteland på handletur

Hatteland Display AS, som har hovudkontor i Vats, har gjort ein avtale om å kjøpe 100 prosent av aksjane i verksemda Guardrec AS i Borre i Vestfold. Dette selskapet utviklar og leverer mellom anna opptaksløysningar for finansinstitusjonar som er underlagt lydlogg-forskrifter og opptakssystem for overvaking av flytrafikk. Sistnemnde med opptaksløysingar som muliggjer analyse av ulykker eller nestenulykker ved å ta opp og setje saman data frå radarar, kamera, radio-kommunikasjon og skjermar. — Guardrec AS vil bli eit verdfullt bidrag til Hatteland Displays sin vekst og utvikling framover. Kombinasjonen av Guardrec sin posisjon i attraktive segment i marknaden og programvarekompetanse, passar utmerkt med vår strategi, seier Trond K. Johannessen, administrerande direktør i Hatteland Display AS. Guardrec omsette for 9 millionar i 2015, og hadde eit resultat før skatt på 2,4 millionar kroner.