Hopp til hovedinnhold
Kristoffer Vannes anbefaler kundene om å ikkje opna lokkaet på frysaren om straumen går under den pågåande streiken.
FOTO/FOTOMONTASJE: TORSTEIN NYMOEN
Kristoffer Vannes anbefaler kundene om å ikkje opna lokkaet på frysaren om straumen går under den pågåande streiken. FOTO/FOTOMONTASJE: TORSTEIN NYMOEN

— Ikkje lukk opp frysaren

Får du straumen din frå nettet til SØK bør du ikkje opne frysaren din etter eit straumbrot. Streik kan gje lang tid utan straum.

— Det kan skje at enkeltkundar som fell ut, ikkje får hjelp. Då er det viktig for eksempel å ikkje opna frysaren, som vil halda på kulden i tre-fire dagar om den får stå urørt. Men streiken kan gå over fleire veker, skriv dagleg leiar Kristoffer Vannes i ei pressemelding som Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) har laga i samband med at 17 av 21 tilsette fredag vart tatt ut i streik.

Dispensajon for liv og helse

Det er tilsette innan kontor- og resepsjonsmedarbeidarar, samt montørar som jobbar ute i felten som er i streik.

— Kundane kan nok ikkje rekna med at kraftlaget er i stand til å yta den servicen kundane er vane med, men SØK vil søkje fagrøyrsla om dispensasjon til å utføra det arbeidet me meiner er naudsynt, både innanfor straum og breiband. Det er då opp til fagrøyrsla å avgjera om dei vil gi oss dispensasjon til å utføra arbeid som normalt vert utført av dei personane som er tekne ut i streik, skriv dagleg leiar Kristoffer Vannes i SØK i ei pressemelding.

Kundane kan nok ikkje rekna med at kraftlaget er i stand til å yta den servicen kundane er vane me

Det vert normalt gjeve unnatak for liv og helse, dyrehelse og når feil kan føra til store økonomiske konsekvensar for tredjepart. Unnatak kan for eksempel gjelda husstandar der det finnes medisinsk utstyr som dialysemaskiner eller pustemaskiner som går på straum.

Men andre feil rettast ikkje.

SØK er også leverandør av breibandsprodukt frå Altibox. Også breibandskundar må smøra seg med tålmod om nett- eller fjernsynsbilete ramlar ut.

Usemje om avspasering

Konflikten mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS Bedrift og arbeidstakarorganisasjonane El & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat handlar først og fremst om kor mykje avspasering ein skal ha krav på etter vakt utanom arbeidstid. Arbeidsmiljølova vart endra frå 2015, og då mista arbeidstakarane ein lovfesta rett på 3,5 dagar. Fagrørsla krev at dagen dei mista i loven skal sikrast i avtaleverket mellom partane, medan arbeidsgjevarane vil følgje ordlyden i lova.

Etter opptrappinga fredager til saman 502 medlemmar i 30 verksemder landet over i streik.

SØK er den einaste verksemda lokalt som er tatt ut i streik, så tilsette og kundar hos Etne El-lag eller Haugaland Kraft er førebels ikkje råka av streiken.