Heimelaget gav seg ikkje før det stod 10-1 i målprotokollen i Ølen måndag kveld. Motstandar Vedavåg Karmøy 2 hadde lite å by på i denne 5. divisjonskampen. Det stod 4-1 ved pause, etter at Rune Torstenbø, Stian Haugland, Bjørn Tore Lunde og Hans Rørtveit hadde starta målkalaset. Etter sidebytte noterte Rørtveit seg for tre nye skåringar, medan Torstenbø signerte to og Lunde eitt.