Det var etter prøvetaking at MRSA-bakteriar vart påvist i ei slaktebesetning på Haugalandet.
ILLUSTRASJONSFOTO: MATTILSYNET
Det var etter prøvetaking at MRSA-bakteriar vart påvist i ei slaktebesetning på Haugalandet. ILLUSTRASJONSFOTO: MATTILSYNET

MRSA-bakteriar på Haugalandet

Det er funne antibiotikaresistente MRSA-bakteriar i slaktegris på Haugalandet.

MRSA er antibiotikaresistente bakteriar (sjå faktaboks). Ifølgje Mattilsynet er det ikkje farleg å ete kjøttet, men det vert innført restriksjonar i høve til den aktuelle garden.

Dette er bakteriar vi ikkje ønsker skal etablere seg i norske svinebesetningar.

— Det er ikkje lov å sleppe dyr ut eller inn av garden som har fått påvist MRSA utan spesiell avtale, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Det var prøver frå Mattilsynet sitt overvakings- og kartleggingsprogram som ga mistanke om smitte. Veterinærinstituttet har no analysert prøvene og bekrefta at dette er MRSA.

Kastar ikkje kjøttet

Grisane holdast til slaktemoden alder, og vil då bli slakta på ordinært vis.

– Etter at dyra er sendt til slakt må bonden gjennomføre grundig vask og desinfeksjon av lokala der dyra har vore. Dette for å sikre at vi blir kvitt MRSA-bakteriane og slik sjå til at smitta ikkje spreiar seg, seier seksjonssjef Jarl Inge Alne i Mattilsynet.

– Dette er bakteriar vi ikkje ønsker skal etablere seg i norske svinebesetningar.

Mattilsynet arbeider no med å kartlegge alle som kan ha hatt kontakt med besetninga kor smitta er påvist på Haugalandet. Denne MRSA-påvisinga gjelder ei slaktegrisbesetning, og det gjør situasjonen oversiktlig.

– I løpet av det siste året har 14 andre besetningar levert gris inn til denne garden. Ei av desse 14 kan være ei potensiell smittekjelde. Hadde dette vore snakk om en smågrisbesetning, som lever av å sende griser ut til andre produsentar, ville situasjonen raskt kunne blitt meir uoversiktlig, seier han.

Éi av kontaktbesetningane er i Hedmark fylke. Resten er i Rogaland og Hordaland.

Gir sjeldan sjukdom

Alle MRSA-variantar kan smitte mellom menneske og dyr. MRSA gir sjeldan sjukdom hos dyr og friske menneske. For menneske som allereie har svekket helse kan MRSA forårsake alvorlige infeksjonar.

– Dette er grunnen til at det er viktig å halde førekomsten av MRSA i husdyrbestanden og i befolkninga nede, og vekke frå helseinstitusjonar som sjukehus og sjukeheim, seier Jarl Inge Alne.

MRSA kan vere i kjøtt frå svin som er smitta med bakterien, men moglegheita for at menneske skal bli smitta gjennom å ete svinekjøtt er særs liten. Bakteriane fins hovudsakeleg på overflata av kjøttet og drepast ved varmebehandling.

Det er vanleg å gjennomsteke svinekjøtt i Norge.

— Det er alltid ein risiko for at rått kjøtt kan innehalde bakteriar eller andre smittestoff, og det er difor viktig å handtere rått kjøtt på ein slik måte at du unngår å bli smitta, minner Mattilsynet om.