Ølen IL vart det beste lokale laget i 5. divisjon i 2016. Oppe frå venstre: Arnfinn Øverland, oppmann, Mikal Vaka, Erik Christiansen, Håvard Stople, Trygve Miljeteig, Rune Torstenbø, Jørgen Nerheim, Sverre Ramsfjell, Hans Rørtveit,  Henrik Tokheim, Raymond Kristoffer Lundestad jr.trener, Ole Arne Pedersen trener. Nede fra venstre: Aleksander Habbestad, Herman Helgesen, Vegard Matre, Asbjørn Tronstad, Per Johannes Formo, Emil Hundhammer og spelande trenar Stian Haugland. Foto: Magne Skålnes

Ølen tukta seriemeisteren

Fredag kveld vart siste serierunden i 5. divisjon spela. Spenninga låg i om Ølen eller Etne skulle bli det beste lokale laget på tabellen. Ølen hadde overtaket før runden med 3 poeng og 4 plussmål meir enn nabo-rivalen.  Ølen møtte seriemeisteren Skudenes, og spelte ein svært god kamp og vann 3-0. Skoringane vart sett inn av Aleksander Habbestad, Rune Torstenbø og Stian Haugland.

Etne gjorde jobben heime mot Karmsund og vann heile 9-4. Måla vart skora av Kristoffer Grønstad(4), Åsmund Norheim(3), Sverre Fjæra og Lukas Chybowski. Etne enda med dette opp med 4. plassen.

Vats94/Skjoldar avslutta óg sesongen med siger. Haugar 2 vart sendt heim med 5-2 i sekken. Målskorarar i Vats var Øystein B Gjellestad(3), Kristian Langeland og eitt sjølvmål. Laget vart det 5. beste laget på tabellen.

Les meir om kampane i måndagens papiravis, der me óg oppsummerer årets sesong for dei lokale laga.