Ølen og Etne kjempar om tredjeplassen i 5. divisjon fotball. Når det står igjen éin serierunde, ligg Ølen best an etter siger 3-2 ute mot Karmsund tysdag kveld. Etne spela uavgjort borte mot Vedavåg Karmøy 2 kvelden før. Ølen møter serieleiar Skudenes i siste runde som går fredag, medan Etne med tre poeng bak, skal ha kamp mot Karmsund. Dermed kan det vera målskilnad som avgjer kva lag som hamnar på tredje plass om Ølen taper og Etne vinn. Vats94/Skjoldar spelar mot Haugar 2. Dei tre lokale laga sluttar med heimekamp.