Torsdag kveld gjennomførte politiet i Sør-Vest politidistrikt ein større dopingaksjon på Haugalandet og i Sunnhordland. Omlag 60 politifolk, halvparten studentar, var involvert. I løpet av ettermiddagen og kvelden blei ei rekkje privatadresser, samt ti treningssentre i regionen, oppsøkt. 26 personar blei som følgje av dette siktet. Det er gjort beslag i både dopingmidlar, narkotika og pengar i aksjonen, som spreidde seg over store deler av gamle Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Etter å ha fått diverse informasjon over tid, har politiet fokuser på personar dei meiner utgjer ein spreiingsfare i forhold til doping.
— Hovudføremålet vårt er å få fram at doping er ulovleg og at det fører med seg ein risiko å involvera seg i dopingmidlar. Vårt hovudmål er først og fremst å førebygga ytterlegere bruk, kommenterer politistasjonssjef i Haugesund, Edgar Mannes i ei pressemelding.
Han legg til at metoden er helt bevisst.
— Me vel denne aksjonsforma nettopp for å få merksemd om problemstillinga. På den måten håper og trur me at det kan virka førebyggande, seier Mannes.
Lensmannen i Etne og Vindafjord, Ingvar Gjærde opplyser dei var involvert i aksjonen og det er personar frå hans distrikt blant dei sikta i saka. — Me er kjent med at det finst eit slikt miljø både i Etne og Vindafjord, seier lensmannen.