Ein personbil har køyrd av vegen mellom Skånevik og Håland. Politiet, som har rykka ut med to patruljar, hadde klokka 15.15 tysdag ikkje funne sjåføren som skal ha vore åleine i bilen.
— Me har førebels ikkje grunn til å tru at personen er skada, seier operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Sør-Vest Politidistrikt i Haugesund.
Olsen seier at politiet trur dei veit kven dei leitar etter.
Politiet vart varsla av eit vitne til utforkøyringa cirka klokka 14.30 tysdag.