Selskapet er etablert i fem kommunar og med hovudbase i Sandeid. Dei siste fire åra samla har Helgevold Gruppen auka omsetninga med 73 prosent, og den var i fjor på nærmare 160 millionar kroner.
Helgevold har mange oppdrag i gang, og dei to største i det siste er begge i matindustri på heimebane i Vindafjord; utbygging av nytt settefiskanlegg hos Bremnes Seashore i Trovåg i Vikebygd, og hos Fatlandet Ølen AS.
Denne dagen har Helgevold 16 personar i sving i Trovåg.
Skreddarsyr i oppdrett
I Trovåg har dei oppdrag i eitt til to år framover, kanskje endå lenger. I styringsrommet til hallen som er komen lengst, er automasjonsingeniørane Willy Asbjørn Lunde og Ole Emberland i gang med sjølve automatiseringa av anlegget fisken skal vekse i.
Dei utviklar og visualiserer skjermbildet på data der operatørane skal regulere og styre produksjonen. Det handlar først og fremst om kontroll over lys, vatn, oksygen og fôr, og ikkje minst alarmar som skal varsle når noko ikkje stemmer.
— Vi skal skreddarsy verktøyet for bedrifta. Det er litt komplisert, og ein må kjenne prosessen. Det neste blir ei realistisk testing utan fisk, det er ein heil jobb, forklarar Lunde.
Vi vil vere eit kompetansesenter lokalt
Fram til ferdig anlegg
— Vi har hatt eitt slikt anlegg med resirkulering av vatn tidlegare, men i mykje mindre målestokk. Det er spesielle anlegg, og vi har ansvaret for prosjektering og fram til eit ferdig anlegg som fungerer, forklarer Svein Tore Veim, prosjektleiar for anlegget hos Helgevold Elektro. Han kom til Helgevold i 1991, og var den tredje tilsette i bedrifta.
Hovudtavler og tavler for automasjon blir bygde på verkstaden i Sandeid.
Veim fortel at dei er i startfasen for ein ny jobb på Bokn der Grieg Seafood skal utvide i settefisk, og der arbeidet startar for alvor til våren 2017.
Næring og industri er nærmare 60 prosent av omsetningsvolumet hos Helgevold, resten er privatmarknaden og service. Helgevold har flaggskip i porteføljen som drar omsetninga oppover, men filosofien i selskapet er også å ta dei små jobbane og stille opp når kundane har bruk for det. Dei gir også viktige bidrag til omsetninga.
Lite av oljenedtur
Gründer og eigar av Helgevold Gruppen, Johannes Helgevold, er svært tilfreds med utviklinga i selskapet, der også 2016 vil gi god vekst, rundt 10 prosent.
— Vi får betalt for å ta vare på landbaserte kundar, og vi er lite inne i det oljerelaterte. Vi har satsa medvite på andre område, seier Helgevold.
Nedkjølinga av oljeøkonomien merkar dei indirekte i Helgevold Elektro Haugesund AS der prosjektmarknaden er redusert, og selskapet drar i større grad veksel på service, pluss å bidra i søsterselskapet.
Ein ikkje ubetydeleg del av veksten i konsernet har vore i Haugesund.
Johannes Helgevold ser ingen grunn til at det skal gå tråare framover.
— Det er ikkje kvart år vi får så store oppdrag som dei vi har no, men vi har planar for å satse vidare. Vi har aldri rekna på så mange prosjekt som i år, men spørsmålet er om og når dei blir gjennomførte, seier han.
Han trur ein del aktørar er i ventemodus på investeringsfronten, planane er der, men det siste klarsignalet er ikkje gitt.
Lærlingar viktige
I tillegg til at gruppa har hatt stor omsetningsauke, gir veksten også pengar igjen i kassa. Resultatet før skatt i fjor i Helgevold Gruppen tilsvarar nærmare 14 prosent av omsetninga, og er ein god margin (sjå faktaboks).
— Vi er ein god gjeng, og det har stor betydning for at det går bra. Vi vil vere eit kompetansesenter lokalt og vi har 20-30 lærlingar i bedrifta til ei kvar tid. Dermed kan vi forme dei framtidige tilsette slik vi vil ha dei, fortel Helgevold.
Dei aller fleste i selskapet har starta som lærlingar hos Helgevold, og fleire tar tilleggsutdanning under vegs.
Helgevold Gruppen har i dag 140 tilsette, fordelte på 62 i Haugesund, 15 i Tysvær, 58 i Vindafjord, Etne og Suldal, og 5 som har permisjon for vidareutdanning.