87-11-hatteland tett

AutoStore i spel

Ifylgje Finansavisen pågår det intense forhandlingar med utanlandske investorar om kjøp av AutoStore. Jakob Hatteland (65) og dei andre eigarane kan koma til å håva inn nær fem milliardar kroner.

Etter det Finanavisen erfarer er nokre av verdas største private equity-selskap, det vil seia fondselskap, i samtalar med gründeren i Vats som kontrollerer AutoStore i Hatteland-konsernet, om kjøp.

Etter sal av komponent-verksemda til Arrow, og seinare Hatteland Display, totalt for over éin milliard, er det automatiske lagerhandteringssystemet som er kjerneverksemda i Åmsosen.

Ingen kommentar

AutoStore har vore det store satsingsområdet dei siste åra og det er lagt ned enorme ressursar og kapital i utviklinga. Etter mange år med testing og forbetringar kjøpte Komplette.no i Sandefjord det første verdspatenterte robotsystemet i 2007. På grunn av finanskrisa var salet lenge moderat, men har tatt seg kraftig opp dei to siste åra.

I fjor blei totalt 30 AutoStore-anlegg selde, og i dag finst det installasjonar i 22 land og det er mottatt ordrar på rundt 130 anlegg sidan starten.

Grannar har vore i kontakt med Jakob Hatteland, men han ynskje ikkje å kommentera saka på nåverande tidspunkt.

Robotsystemet AutoStore som nå er seld til over 20 land, er den viktigaste årsaka til den sterke økonomiske veksten i Jakob Hatteland-konsernet. Foto: Fredrik Ringe

Robotsystemet AutoStore som nå er seld til over 20 land, er den viktigaste årsaka til den sterke økonomiske veksten i Jakob Hatteland-konsernet.
Foto: Fredrik Ringe

Solid pott

Kjelder som Finansaviser viser til, skal det vera fleire aktørar på banen for å sikra seg den suksessfulle AutoStore-patenten. Dersom konseptet går for fem milliardar, vil Jakob Hatteland sitja igjen med 3,2 milliardar, medan Ingvar Hognaland, som er oppfinnaren bak AutoStore, sine aksjar er verdt 1,3 milliardar for den prisen det her blir spekulert i. Også to brør av Hatteland har aksjar i selskapet.

AutoStore er ein del av dotterselskapet Hatteland Computer der også skybaserte Rambase inngår. Det er håp om at også dette konseptet vil skapa stor vekst i Åmsosen.

Hatteland-konsernet omsette for 473 millionar kroner i fjor og kom ut med eit resultat før skatt på 58 millionar, det beste på åtte år, og i hovudsak takka vera AutoStore. Veksten for AutoStore var på heile 70 prosent i fjor og er forventa å bli 50 prosent i inneverande år.