Arne Bergsvåg frå Vindafjord fekk som venta 3. plassen på Rogaland Senterparti si nominasjonsliste til Stortingsvalet 2017 i helga.
Det er likevel eit stykke fram til fast plass i nasjonalforsamlinga for den tidlegare ordføraren og rutinerte fylkespolitikaren. Rogaland Sp håpar å kapre to plassar, dei går i så fall til Geir Pollestad (Hå) som har førsteplassen og ungdomskandidaten Hanne Marte Vatneland (Gjesdal, men opphavleg frå Bokn) på andreplass.
I nabofylket i nord vart Arne Bergsvåg si søster, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim frå Etne, nominert til sjetteplassen på Hordaland Sp si liste. Dermed må også Sp sin gruppeleiar i Etne må nøye seg med å følgje rikspolitikken frå sidelinja i neste stortingsperiode.
Hordaland Sp har i dag ein representant på Stortinget, Kjersti Toppe. Ho er nominert på førsteplassen også for neste periode. Skulle Hordaland få to mandat, så er det Nils T. Bjørke frå Voss som tek det andre. Kvinnheringen Hans Inge Myrvold fekk tredjeplassen på lista.
Ungdomskandidat Inga Rullestad frå Etne er på 18. plass på lista.