17 av 21 tilsette ved Skånevik og Ølen Kraftlag som har vore i streik gjekk på jobb igjen onsdag etter at den sju veker lange streiken i el- og it-bransjen vart avblåst tysdag ettermiddag.
LES OGSÅ:
Konflikten dreidde seg først og fremst om ei ordning med avspasering knytt til beredskapsvakter. Løysinga inneber ifølgje ei pressmeleding at vaktene ikkje lenger er obligatoriske gjennom den sentrale tariffavtalen. Innhaldet i vaktene, og kompensasjonen, må avtalas mellom partane i kvart særskilt selskap dersom energimontørane skal ha plikt til til å delta.
— Me har kome fram til ei god løysing. No må kvart særskilt selskap finne ei ordning som gir ein trygg beredskap, og det er me gjerne me på å avtale lokalt, seier forhandlingsleiar Bjørn Fornes i El og IT-forbundet. Fleire hundre organiserte over heile landet har vore i streik. Lokalt er det berre SØK som har vore teken ut i streik.