Rennet var Chris Jespersen første på lang tid etter mykje sjukdom i førre sesong.
Arkivfoto
Rennet var Chris Jespersen første på lang tid etter mykje sjukdom i førre sesong. Arkivfoto

Nummer åtte

Chris Jespersen kom inn som nummer åtte i sesongens første langsrenn som gjekk på Beitostølen fredag. Veteranen frå Skånevik som nå er utafor det norske landslaget, var 1,15 minutt bak vinnaren, Didrik Tønseth. Tor Asle Gjerdalen kom på andre plass, 15 sekundar bak Tønseth. Løpet samla store deler av den norske langrennseliten, var 15 kilometer klassisk og gjekk i eit kraftig snøvêr.

Heller ikkje på laurdagens 15 kilometer fri teknikk var Jespersen heilt i toppsjiktet. Det blei ein ny åttande plass, men denne gongen langt nærare vinnaren i tid, 39,6 bak formløparen Tønseth.