AUF-leiar i Hordaland, Mari Klokkerstuen Kjellesvik klar for sin debut på Utøya-sommarleiren. Foto: Arne Frøkedal
Mari Klokkerstuen.

Kjellesvik på 12. plass

Hordaland Ap vonar å kapre seks mandat til Stortinget under valet neste haust, men ingen av plassane går i så fall til folk frå Etne.

Fylkespolitikaren og ungdomskandidat Mari Klokkerstuen Kjellesvik frå Etne vart i helga nominert på 12. plass på fylkespartiet si liste. Veteranen Magne Rommetveit (Stord) fekk som venta førsteplassen, og på dei neste fem som med eit godt val kan få plass er Jette Christensen (Bergen), Egil Knutsen (Bergen), Ruth Grung (Bergen), Leif Sande Bergen, og Linda Monsen Merkesdal (Voss).

I Rogaland vart Hadja Tajik (Sandes) nominert til førsteplassen for Ap-lista. Partiet har tre representantar frå fylket på Stortinget i dag. Om det held seg etter valet neste år, så er det Torstein Tvedt Solberg (Stavanger) og Hege Haukadal Liadal (Haugesund) som får dei plassane. Øystein Langholm Hansen frå Stavanger er nominert på 4. pass.

Ingen frå Vindafjord står på den 22 namn lange nominasjonslista.