Nerheimstunet ligg på høgda sør for tettstaden Ølen. Bernt Ove Ebne driv hagesenter tett i tett med det gamle bygdetunet. Foto: Arne Frøkedal
Nerheimstunet ligg på høgda sør for tettstaden Ølen. Arkivoto: Arne Frøkedal

Midlar til bygdetun

Både Nerheimstunet i Ølen og Sæbøtunet i Etne har fått midlar av Stiftelsen Uni. Det blei klart då stiftinga hadde styremøte 20. oktober. Det er Sunnhordland museum som eig dei to gamle bygdetuna og fire andre historiske bygdetun i regionen. Nerheimstunet er blant dei mest verdifulle kulturminna i distriktet og museet vil gjera det dei kan for at ikkje desse uerstattelege kulturminna skal gå tapt. Tunet i Ølen er eitt av av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store. Nerheim betyr heimen til Njord, sjøguden og fruktbarheitsguden i den Norrøne trua. Staden blei også kalla Njardheim i eldre tider. I førkristen tid stod det eit gudehov her. Bygdetinget har også truleg halde til her. Frå 1326 til omlag 1860 er Nerheim nemnt som kyrkjestad, men i 1874 blei det bygd ei kyrkje på ei ny tomt ved sjøen. Kyrkjegarden blei liggande på Nerheim, og det gamle våpenhuset blei lenge ståande som reiskapshus. Gardstunet på det eine bruket på Store Nerheim trur ein blei reist i ca. 1660 og det har alltid vore sjølveigande, heiter det i pressemeldinga frå Stiftelsen Uni. Nerheimstunet er tildelt 140.000 kroner, og midlane skal nyttast til brannsikringstiltak.

Også midlane til Sæbøtunet som er på 160.000 kroner, skal gå til brannsikring. Sunnhordland museum er også eigar av det gamle bygdetunet i Etne. Dei ni bygningane i klynge utgjer eit av dei mest verdifulle bygningsmiljøa i Sunnhordlandsregionen. Sunnhordland Museum ønskjer å gjera det dei kan for at ikkje disse uerstattelege kulturminna skal gå tapt, og ein brann- og sikringsplan for Sæbøtunet er difor utarbeida. Museet har også gjort andre store tiltak i sommar for å ta vare på bygdetunet.