Midnattsklang

Natt til søndag kjem kyrkjeklokkene i Ølen kyrkje til å ringja når ein når midnatt. Dette er i samband med arrangementet «Lys vaken» som føregår i kyrkja i helga. Då er alle 10 og 11-åringar invitert til overnatting i kyrkja og ein del av opplegget er å ringja med kyrkjeklokkene.