Ti bøter i Skjold

Politiet gjennomførte ein laserkontroll på E134 ved Skjold kyrkje frå kl. 17.00 til 20.20 sundag kveld. Ti bilførar blei målte med for høg fart i 80-sona og fekk bøter. Høgaste fart var 96 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.