Til sjukehus etter uhell

Ein mann i 40-åra vart frakta til Haugesund sjukehus for sjekk etter at han køyrde av vegen på E134 på Fikse, om lag 500 meter aust for Olali-krysset rett før midnatt natt til måndag.

Mannen var åleine i bilen.

— Han har forklart at han køyrde av vegen då han gjorde ei manøver for å unngå å køyre på vilt, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Det er uvisst om det var spesielt glatt på vegen, men det var meldt om stadvis glatt føre i distriktet generelt i natt. Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Sjåføren er ikkje frå Grannar-distriktet, men ein som var på gjennomreise.