Tunnel vart stengd

Vegtrafikksentralen meldte i ei Twitter-melding klokka 9.39 måndag at eit brannsløkkeapparat var fjerna frå Rullestadtunnelen i Etne, og at den difor vart stengd.

Mannskap vart sendt ut for å få ny på plass, og om lag 50 minuttar seinare meldte vegvesenet at tunnelen på E134 var open for trafikk igjen.