Denne bilen fekk store skadar i samanstøytet med eit av hjula som lausna frå vogntoget på E134.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Denne bilen fekk store skadar i samanstøytet med eit av hjula som lausna frå vogntoget på E134. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Vogntog mista hjul to gonger

Det eine hjulet traff ein motgåande bil i 80-sona på Liaheia. Det neste hjulet falt av i Aksdal.

Saka er oppdatert

Eit vogntog på 50 tonn framsto som ei dødsfelle for medtrafikantar på E134 tysdag morgon. Først mista vogntoget, som var lasta med betongelementer, eit av dei bakerste hjula på venstre side av tilhengaren på Liaheia. Dette traff ein motgåande bil.

Eg vart heilt skjelven, og eg fikk meg ein skikkeleg støkk

Dei materielle skadene på personbilen var  relativt store. Sjåføren, ei kvinne i 50-åra frå Tysvær, kom lettare til skade. Men sjåføren av vogntoget køyrde vidare. Han skal ikkje ha merka at noko var gale før han kom til Hodnafjellet. Der svingte han av på rasteplassen, ifølgje politiet for å sjekke årsaken til at gnistar sto frå hengaren.

Då var politiet allereie på hjul, og dei påtraff sjåføren på rasteplassen. Sjåføren vart avhøyrd på staden, og skal etterpå ha fått beskjed om å vurdere om bilen var køyrbar, noko han meinte den var, og han køyrde vidare.

Mista hjul nummer to

Men vogntoget kom ikkje lenger enn til Aksdal før dekk nummer to falt av, denne gongen eit dekk framme til venstre på hengaren. Dette dekket skal ikkje ha truffe andre trafikantar.

— Ei veldig spesiell historie, fastslår lensmann Ingvar Gjærde overfor Grannar.

Han seier at sjåføren av vogntoget, som kom frå ein transportør med base i Grannar-distriktet, kan vente seg ein reaksjon.

— Det er oppretta sak mot han, og me vurderer no beslag av førarkortet, seier lensmannen.

Vogntoget sto tysdag føremiddag på Frakkegjerd, kor Statens Vegvesen foretok undersøkingar på oppdrag frå politiet.

Lettare skadd

Dei materielle skadane på bilen vitnar om kva krefter som har vore i sving. Kvinna som sat i bilen som vart truffen på Liaheia klaga på smerter i nakken etter det ublide møtet med det store dekket.

Grannar snakka med kvinna tysdag føremiddag. Ho fortel at ho ikkje merka noko før det plutseleg smalt.

Ho fortel at kollisjonsputane vart utløyst, og ho kom seg ut av bilen sjølv.

— Eg vart heilt skjelven, og eg fikk meg ein skikkeleg støkk, fortel kvinna som var på veg til jobb i Vindafjord då det smalt.

Ein annan sjåfør stansa og hjalp ho fram til politi og ambulanse kom til staden. Då Grannar snakka med ho, var ho på veg til Haugesund sjukehus for nærare undersøkingar av nakkesmertane.

Høgre felt retning austover på E134 var sperra ei stund etter ulykka på Liaheia, men det var berre mindre trafikale problem på staden.