Fredag morgon blei det kunngjort at det internasjonale equity-selskapet EQT som har hovudkontor i Sverige, har kjøpt det verdspatenterte AutoStore, som er utvikla i Åmsosen i regi av Hatteland-konsernet. Partane har blitt samde om ikkje å gå ut med transaksjonsverdien. Ifylgje Finansavise dreier det som om ein sum på over fire milliardar kroner.
Kjøparen er eit leiande selskap innan alternative investeringar som har henta inn rundt 30 milliardar euro i kapital frå investorar. Fonda til EQT har porteføljeselskap i Europa, Asia og USA med driftsinntekter på over 15 milliardar euro og rundt 100.000 tilsette. EQT går ikkje direkte inn i drifta, men jobbar med porteføljeselskapa for å oppnå berekraftig vekst, solid drift og marknadsleiarskap.
Nytt kapitel
Industrieventyret i Åmsosen går inn i eit nytt kapitel etter at EQT har inngått avtale med Jakob Hatteland Holding AS og dei andre minoritetsaksjonærar om å kjøpa AutoStore. Ideen om eit robotsystem som kan handtera store varemengder på ein rask og effektiv måte, kom frå Ingvar Hognaland på 1990-talet, men har først dei siste åra fått sitt definitive gjennombrot internasjonalt.
AutoStore har i dag rundt 140 tilsette, mesteparten i Polen, og har nå installert 130 anlegg i 22 land. Selskapet ventar å få driftsinntekter på 500 millionar kroner i år. Det er spesielt dei to siste åra salet har skote fart.
svært tilfredse med å få med EQT på den vidare reise
![]()
Jakob Hatteland og dei andre eigarane innkasserer ein solid gevinst ved salet AutoStore.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
— Eg er veldig stolt av det me har oppnådd med AutoStore. Det har blitt utvikla frå å vera ein enkel ide, til å bli eit leiande produkt på marknaden, seier Hognaland i ei pressemelding.
— Ein strålande partnar
Seriegründer Jakob Hatteland legg til:
— Gjennom motivasjon og sterke prestasjonskultur blant alle involverte, har AutoStore vakse til å bli eit unikt norsk selskap med internasjonal potensial. EQT er ein strålande partnar og har langsiktige målsetjingar, noko som gjer oss i stand til å halda fram å utvikla AutoStore. Me er svært tilfredse med å få med EQT på den vidare reise.
Også konsernsjef Karl Johan Lier uttaler seg svært positivt om kjøparen og ser fram til å bli ein del av EQT-familien.
— Me har stor tru på at EQT si industrielle tilnærming, si globale aktivitet og internasjonale nettverk, vil vera verdifullt i vår neste utviklingsfase og framtidige suksess.
Les meir om saka i måndagens avis.