Det er høgt under taket og akustikken er god. «Du grøne glitrande tre god dag» var ein av songane som blei sungen då dei frammøtte gjekk rundt juletreet. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er høgt under taket og akustikken er god. «Du grøne glitrande tre god dag» var ein av songane som blei sungen då dei frammøtte gjekk rundt juletreet. Foto: Grethe Hopland Ravn Bilde 1 av 5
Venninner frå barndomen. Aslaug Rørtveit (t.v) frå Finnøy, Gunna Bjelland Knudsen frå Sandnes og Gunhild Frøyland frå Sandnes vaks alle tre opp på Bjelland. Gunvor Ytrenes vaks opp på Eintveit, som ligg rett i nabolaget og saman har dei mange gode minner frå juletrefestane på bedehuset då dei var unge.
Venninner frå barndomen. Aslaug Rørtveit (t.v) frå Finnøy, Gunna Bjelland Knudsen frå Sandnes og Gunhild Frøyland frå Sandnes vaks alle tre opp på Bjelland. Gunvor Ytrenes vaks opp på Eintveit, som ligg rett i nabolaget og saman har dei mange gode minner frå juletrefestane på bedehuset då dei var unge. Bilde 2 av 5
Mat må ein ha og på menyen sto god gamaldags servering. Skjeve med egg og sild, skjeve med pølse og rømmegraut. Leif Ørke frå Ølen har fått servering av Terje Djuve frå Ølensvåg, som var med i matkomiteen.
Mat må ein ha og på menyen sto god gamaldags servering. Skjeve med egg og sild, skjeve med pølse og rømmegraut. Leif Ørke frå Ølen har fått servering av Terje Djuve frå Ølensvåg, som var med i matkomiteen. Bilde 3 av 5
Bedehuset på Bjellandsnes
Bedehuset på BjellandsnesBilde 4 av 5
Bjellandsnes ligg på nordsida av Åkrafjorden, og vil ein på juletrefest i bygda, må ein ta båt. Stein Viking frakta heile følgjet til fest.
Bjellandsnes ligg på nordsida av Åkrafjorden, og vil ein på juletrefest i bygda, må ein ta båt. Stein Viking frakta heile følgjet til fest. Bilde 5 av 5

Ein uvanleg julefest

På Bjellandsnes bedehus var juletrefesten eit fast innslag frå 1936 og fram til 1964. Så blei det slutt. Men i romjula var juletreet pynta til fest nok ein gong.

Det var 52 år etter førre juletrefest.

Den kjende og kjære julesongen «Du grønne glitrende tre god dag» ljomar i det vesle bedehusrommet på Bjellandsnes. Midt på golvet står ei stor furu frå Eintveit, pynta med norske flagg, julekuler og levande lys. Nett slik det var i gamledagar, og når rundt halvparten av dei 50 frammøtte lagar ein ring og går rundt juletreet, er det bort i mot fullt på golvet.

Les meir i papirutgåva på måndag.