Terje Haleland frå Vindafjord har fått tredjeplassen på Frp si liste til stortingsvalet hausten 2017.
Terje Haleland frå Vindafjord har fått tredjeplassen på Frp si liste til stortingsvalet hausten 2017.

Får tredjeplassen

Terje Halleland frå Ølensvåg har fått tredjeplassen på Rogaland Frp si liste til stortingsvalet neste år. Med utgangspunkt i at partiet har tre stortingsrepresentantar frå Rogaland i dag, er han på såkalla sikker plass. Lista vart vedtatt på Rogaland Frp sitt nominasjonsmøte i dag.

 Horne på topp

På toppen av stortingslista for 2017-2021 er Solveig Horne frå Sola som også er vald representant i dag, men sit i regjeringa som barne- og likestillingsminister. Andreplassen på lista går til Roy Steffensen frå Gjesdal som møter som fast vara i inneverande periode så lenge Horne er statsråd.

Halleland var tidlegare fylkesvaraordførar i Rogaland og han er i dag statssekretær i Landbruksdepartementet i eit vikariat fram til april.

Politikaren frå Vindafjord trekkjer fram samferdsel og nye arbeidsplassar som viktige saker framover.