Ein mann som jobba på dekket til oljeplattforma «Scarabeo 8», som no ligg ankra opp midt i Ølsfjorden, fekk straum gjennom kroppen tysdag formiddag.
— Han skulle avisolere nokre kablar som han trudde var straumfrie. Det var dei ikkje, fortel politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor til Grannar.
Mannen, som skal arbeide for eit innleidd firma, fekk 220 volt straum gjennom kroppen, men var ifølgje Austrheim medviten etter hendinga. Arbeidaren oppsøkte sjølv medisinsk personell på riggen. Han vart etterpå frakta til land og vidare til Haugesund sjukehus i ambulanse for rutinemessig sjekk. Plattforma er ikkje under norsk jurisdiksjon, den er italiensk eigd og seglar under bahamansk flagg.
— Difor er det er det Sjøfartsdirektoratet som no følgjer opp saka vidare, fortel Austrheim.
«Scarabeo 8» har vore hos Westcon Yard i Ølensvåg sidan august i samband med ein tre månadar lang suspensjon, og rutinemessig klassing.