Fest utagerte

Politiet fekk melding om ein fest ute av kontroll i eit lokale i Ølen rett før midnatt laurdag kveld. Ein person vart skubba utfor ein skrent og vart seinare henta av ambulanse. Politipatruljar vart sendt til staden, men festen var avslutta før dei kom fram, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.