Forsøk på innbrot

Tysdag ettermiddag fekk politiet melding om forsøk på innbrot i Aksland i Vindafjord. Innbrotsforsøket vart gjort medan eigagane av huset var på jobb, og skadane på ytterdøra blei oppdaga då eigarane kom heim på ettermiddagen. Huset ligg inntl hovudvegen og politiet ber folk vera merksame dersom dei ser framande bilar eller personar. — Følg ekstra nøye med, oppmodar Arild Austrheim ved lensmannskontoret. I førre veka blei ein bustad på Bjoa utsett for grovt tjuveri etter innbrot.