Færre ledige

Over 20.000 personar i Rogaland og Hordaland går inn i det nye året utan fast arbeid. Det viser NAV sine tal for desember. Lokalt er det ei lita betring siste månad. Vindafjord har 157 registrerte som ledige i desember, mot 170 månaden før. Det gir ei arbeidsløyse på 3,2 prosent. Auken det siste året er på 32 prosent. For Etne kommune melder NAV om 47 heilt ledige mot 43 i november. Arbeidsløysa er dermed på 2,7 prosent. Det siste året er det sju prosent auke i arbeidsløysa i kommunen. Rogaland går inn i det nye året med 4,5 prosent arbeidsløyse. Over 11.600 er registrert av NAV til å vera utan fast jobb. I løpet av året har talet på ledige auka med seks prosent. Hordaland har 9.555 personar registrerte som heilt ledige i desember, som utgjer 2,4 prosent av dei sysselsette. Totalt auka arbeidsløysa i Hordaland med 24 prosent gjennom 2016.