Dødsulykke i Sandeid

Ein fotgjengar omkom etter å ha blitt påkøyrt i Sandeid sentrum onsdag kveld. Det opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund like før kl 20.00

Eit par timar tidlegare, nærmare bestemt kl 17.15 hadde naudetatane rykt ut til Sandeid etter melding om ei trafikkulykke. Ein fotgjengar var påkøyrt og alvorleg skadd. Han blei frakta i luftambulanse til sjukehus, men livet stod ikkje til å berga.

Politiet er førebels sparsame med opplysningar om ulykka, men det skal vera ein mann som omkom etter å blitt påkøyrt idet han kryssa fylkesvegen.

Politiet og Statens vegvesen jobba utover kvelden på ulykkesstaden med tekniske undersøkingar.

Politi og ulykkesgruppa avslutta arbeidet på staden like før kl 22.30. Pårørande er varsla. Ulykka blir etterforska vidare av Vindafjord lensmannskontor.