Gutar fall tre meter

Politiet fekk klokka 22.45 1. juledag melding at to gutar hadde ramla ned frå eit rekkverk i Sandeid. Fallet skal ha vore på om lag tre meter. Dei skal ha fått lettare skadar, og ein vart køyrd til legevakt for sjekk, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.