Den første dagen i det nye året kan få oppleve sol, men varmegradene vil også prege den første veka i 2017. Til helga kan det derimot blir kuldegrader og fint vêr, melder yr.no.
Regnvêret skal avta ut over nyttårskvelden, men kanskje ikkje forsvinne heilt. Det blir meldt svak vind, eller lett bris, frå nord-nordvest i distriktet.
Det er med andre ord ikkje så aller verst vêr i vente når rakettane markerer inngangen til eit nytt år ved midnatt.