Køyrde frå lappen

Utrykkingspolitiet hadde to kontrollar i Etne sundag kveld. I 60-sona ved krysset til Bjørgjo vart ein sjåfør målt til 93 kilometer i timen, og kunne med det vinka førebels farvel til førarkortet og kan vente seg ein straffreaksjon seinare.

I 80-sona på nye E134 i Stordalen vart det same kveld skrive ut ikkje mindre enn 17 førelegg. Her vart «fartsrekorden» for kvelden målt til 104 kilometer i timen.