Ein bilførar på gjennomreise er førebels utan førarkort, som følgje av at han vart filma då han foretok ei farleg forbikjøring med personbil med hengar i 60-sona mellom Fikse og Etne sundag. Videoen viser at han var nær ved å frontkollidere med ein motgåande personbil, som berre med naud og neppe klarte å få bilen i rett køyrebane tidsnok. Sjåføren som vart forbikøyrd viste videoen til politiet som etter kvart klarte komme fram til syndaren. Han innrømde forholdet. — Det er ikkje uvanleg, og skjer stadig oftare, at videobevis frå trafikken kan føre til reaksjonar får våres side, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.