61-åringen skulle kryssa fylkesveg 46 i sentrum til fots, då han blei påkøyrt av ein bil etter at han var kome ut i vegbanen.
Frantzen er frå Sandeid og bur i sentrum, på austsida av vegen han var i ferd med å kryssa. Det er grunn til å tru at han var på veg heim etter å ha vore i sentrum.
Ulukka skjedde kl. 17.15, og mannen blei erklært død knappe tre timar seinare etter å ha blitt frakta til sjukehus i legehelikopter.
Politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor opplyser at det var relativt mørkt på staden då ulykka skjedde, sjølv om det er gatelys på den eine sida. Mannen hadde mørke klede og kan ha vore vanskeleg å sjå. Det er 50-sone på ulykkesstaden.
Personbilen, ein BMW, kom frå sør og var på veg til Haugesund med to menn i 20-årsalderen. Dei er frå ein kommune sør for Vindafjord. Ulukka skjedde like etter avkøyrsla ned til kaien i Sandeid, i ein svak motbakke med ei lite kurve.
Manglar vitne
— Dei to i bilen blei avhøyrde i etterkant av ulykka, men me har førebels ingen andre augevitne til det som skjedde. Difor er me interessert å koma i kontakt med folk, det kan vera andre trafikantar, gåande eller folk som bur i sentrum eller naboområdet som kan ha oppfatta noko eller har opplysningar i saka, sa Arild Austrheim til Grannar torsdag.
Sjåføren har status som sikta etter vegtrafikklova §3, for uaktsam køyring, men politiet treng fleire opplysningar før dei kan konkludera i saka. Blant anna ventar dei på rapport frå Statens vegvesen si ulykkesgruppe som var på staden onsdag kveld. Førarkortet er rutinemessig inndrege.
— Me har førebels ingen indikasjonar på at farten har vore høg, seier Austrheim.
Dei to i bilen blei etter ulykka tatt hand om av kriseteam.