skjermbilde-2016-12-07-kl-13-52-45

Send inn di juleteikning

Fullfør streken og send oss di teikning.

Grannar har starta teikninga for deg, og du skal fullføra resten. Du finn streken i nummer 92 som kom ut måndag 12. desember.

Oppgåva er å laga ei juleteikning som har utgangspunktet i denne streken, og så blir du med i trekninga av ein fin premie.

Julestreken er open for alle, menme deler bidraga inn i to aldersgrupper. Ei gruppe for barn og ungdom opp til 15 år, og ei gruppe for teiknarar frå 16 år og oppover.

Ein heldig vinnar frå kvar gruppe blir tilfeldig trekt ut blant alle innleverte bidrag, og desse kan venta seg ein fin premie.

Teikningane kan sendast til:

Grannar, postboks 84, 5591 Etne.

Eller du er velkommen innom i Grannar sine lokale som ligg i 2.etasje i Etne Senter.

Teikningane må vera oss i hende seinast måndag 19. desember.

Lukke til!