Slik såg det ut ved stengde Liamyrane bom like før klokka 12 julaften. E134  er framleis stengd og vêrvarselet resten av julaften ser ikkje lovande ut. FOTO: STATENS VEGVESEN
Slik såg det ut ved stengde Liamyrane bom like før klokka 12 julaften. E134 er framleis stengd og vêrvarselet resten av julaften ser ikkje lovande ut. FOTO: STATENS VEGVESEN

Stengd over fjellet

Og vêrvarselet i er ikkje lovande.

Har du tenkt å ferie julaften på Vågslid, Haukeli eller lenger vest, men ikkje kome deg avgårde ennå? Då ser det mørkt ut. Vegen er stengd ved Liamyrane bom grunna dårleg vêr.

Fjellovergangen har vore stengt sidan i 1-tida i natt, og er det framleis. Den kan opne på kort varsel, men vêrvarselet ser ikkje lovande ut.

Hardangervidda stengd

Også Riksveg 7 Hardangervidda er stengd. Her blir det gjort ny vurdering først sundag morgon, melder Statens Vegvesen.

Trafikkmeldingane frå Statens Vegvesen finn du ved å trykke på denne linken.

Dårleg vêrvarsel

Vërvarselet for Haukelifjell laurdag ettermiddag og natt til sundag er snøbyger og opp til sterk kuling med vind fra vest og sørvest opp til 18 meter per sekund.

Først sundag formiddag er det menka noko minking i vind og nedbør.

Men frå andre juledag skal vinden i fjellet opp i liten storm, ifølige meteorologane.