Beitesesongen i Rogaland vart i år prega av meir enn vanleg tap av lam/sau til jerv. Totalt er det i fylket utbetalt 573 995 kroner i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2016, opplyser Fylkesmannen. Det kom 29 søknadar om erstatning for 285 lam/sau som er tatt av jerv, 65 tatt av kongeørn og 46 tatt av gaupe. Totalt er det søkt erstatning for 396 lam/sauer drepen eller skada av store rovdyr. Flest søknadar kjem frå sauebesetningar som beitar i Bjerkreim, Suldal og Odda kommunar, resten kjem frå Eidfjord, Eigersund, Gjesdal, Hjelmeland, Sirdal og Vinje.
I alt 82 kadaver mistenkt drepen av freda rovdyr er undersøkt av Statens naturoppsyn i vårt fylke i 2016, opplyser Fylkesmannen i Rogaland. Av desse er 16 lam dokumentert som truleg drepen av jerv i Suldal kommune, 14 lam og 1 sau er dokumentert som truleg drepen av kongeørn (i Bjerkreim, Eigersund, Sokndal og Vindafjord kommunar), og eit lam er dokumentert truleg drepen av gaupe i Gjesdal.
Dei andre kadavera er anten drepne av hund, rev, ikkje rovdyr, ulykke, sjukdom eller at det er ein usikker årsak.
I tillegg er det 47 lam frå Rogaland som er dokumentert som truleg drepen av jerv i Odda kommune, eitt lam som er dokumentert som truleg drepen av gaupe i Etne kommune og éin sau som er dokumentert truleg drepen av kongeørn i Hol kommune.