Aslaug Johanne Risøy ved Universitetet i Bergen, samarbeider med Noklus, Norsk kvalitetsforbetring av laboratorieverksemd utanfor sjukehus, og Apotek 1 om eit studie som omhandlar risikotesting av diabetes type 2.
Foto: Sirianne Vikestad
Aslaug Johanne Risøy ved Universitetet i Bergen, samarbeider med Noklus, Norsk kvalitetsforbetring av laboratorieverksemd utanfor sjukehus, og Apotek 1 om eit studie som omhandlar risikotesting av diabetes type 2. Foto: Sirianne VikestadBilde 1 av 2
Forskarstolen: Doktorgradsstipendiaten brukar mykje av arbeidstida si på kontoret til å lesa og skriva artiklar.
Forskarstolen: Doktorgradsstipendiaten brukar mykje av arbeidstida si på kontoret til å lesa og skriva artiklar. Bilde 2 av 2

Ung forskar frå Ølen

Kring 180.000 nordmenn har diabetes type 2 utan å vita om det. Dette ønsker Aslaug Johanne Risøy (28) frå Ølen å gjera noko med.

Kostnadane som følgjer av ei av dei raskast veksande livsstilssjukdommane i Noreg er opp mot 1 milliard kroner i året. Diabetes type 2 og komplikasjonane som følgjer av sjukdommen er mogleg å avgrensa, dersom dei som står i fare for å utvikla diabetes eller er i sjukdommens tidlege stadiet får kunnskap om det og behandling.

Aslaug Johanne Risøy står i spissen for eit forskingsprosjekt som for tida testar ut om apoteket er ei eigna plattform for å kunna avdekka om ein har diabetes type 2.

— Me veit at type 2 aukar med alderen. Er ein over 45 år og i tillegg har slekt med ein diabetesdiagnose, er risikoen større. Mange går rundt med diabetes type 2 utan å vita om det, og dersom ein går lenge med kronisk høgt blodsukker, kan dette føra til skadar på mellom anna nyrene, nervane, auga og i verste fall kan det enda med amputasjonar, fortel Risøy alvorleg.

Vil utnytta kompetansen

28-åringen var først innom studiar på NHH, før ho landa på farmasistudiet i Bergen. Der treivst ho godt, og både studiemiljøet og fagmiljøet inspirerte ho til å fortsetja med master i faget. I 2015 fekk ho tilbod om ei forskarstilling ved Universitetet i Bergen, om å vera med på eit pilotprosjekt som stiller spørsmål til om det er gjennomførleg å testa for diabetesrisiko på apotek.

— Kvifor sa du ja til jobbtilbodet?

— Det finst mykje kompetanse på apoteka. Eg meiner at dette kan utnyttast på andre måtar enn å berre selja medisin. Det å få lov til å jobba med forsking var også noko nytt. Eg kjente til ho som hadde med prosjektet å gjera frå før, Reidun Kjome. Ho var tidlegare forelesaren min, og er særs engasjert i faget sitt. Å få lov til å jobba med ho om dette, var også ein faktor, seier Aslaug Johanne og kikkar ut vindauget på desembervêret i kantina ved Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen.

Doktorgradsstudenten

Ølensjenta, vel ofte trappene opp til kantina i sjuande etasje frå sitt eige kontor i tredje. Heisen unngår ho når det let seg gjere.

— Eg sit og jobbar 95 prosent av arbeidstida mi. Eg grip dei treningsmoglegheitene eg har, seier ho med eit smil og viser vegen til forskarstolen sin.

lettare å stikka innom eit apotek, enn å bestilla ein time hos legen

I løpet av arbeidsveka ringjer ho opp alle dei 19 apoteka som er med i studiet, for å oppdatera seg om nye deltakarar og praktiske ting, slikt som utstyr. Elles går arbeidskvardagen i å lesa og skriva artiklar for å fremma forskinga, samt presentera studiet og funna.

— Det å skriva artiklar er mykje meir tidkrevjande enn eg hadde trudd, seier Risøy, som har hatt innlegg både under farmasidagane i Oslo og ved ein internasjonal konferanse i Aberdeen om doktorgradsprosjektet sitt.

Bruk av risikotest

Denne våren fullførte ho pilotprosjektet, og er nå inne i hovedstudien. Resultata så langt peikar i retning av at risikotesting på apotek har noko føre seg. Endelege tal vil ho derimot ikkje ut med i dag.

— Resultatet frå pilotprosjektet viste at det er mogleg å gjennomføra og at ein kan avdekka at folk har diabetes.

Testen går ut på å svara på åtte spørsmål om mellom anna alder, fysisk aktivitet, inntak av frukt og grønt, og om nokon i familien har diabetes. Gir testen ein høg verdi, får ein ved halvparten av apoteka som er med i studien, tilbod om å testa ut langtidsblodsukkeret. Det blir gjort med eit stikk i fingeren. Seks minuttar seinare kjem resultatet som kan enda med at apoteket anbefaler deltakaren om å kontakte legen sin for ytterlegare testing.

— Ein del apotek tilbyr risikotesting allereie, men måling av langtidsblodsukker på apotek er nytt. Det kan også vera lettare å stikka innom eit apotek, enn å bestilla ein time hos legen, seier prosjektleiaren og legg til at tenesta er gratis.

Betre kvardag

— Anna forsking viser at sannsynet for at folk går til legen etter å ha testa seg, aukar om dei også har tatt ein blodprøve. Me ønsker å finna ut om dette også gjeld risikotesting på apotek i Noreg, seier Aslaug Johanne og viser til at det kan vera vanskeleg å sjølv vita om ein har symptom for diabetes.

Desto tidlegare sjukdommen blir oppdaga, desto mindre fare er det for langtidskomplikasjonar med rett behandling. Noko som vil spara samfunnet for store utgifter, og ikkje minst gi ein betre kvardag for den det gjeld og pårørande.

— Diabetes type 2 kan utvikla seg seint. Eit symptom kan vera at ein føler seg trøytt, men det kan jo alle føle seg i blant. Det same gjeld om ein er nedstemt eller tørst. Mange kan tenke at det følgjer naturleg med alderen, fortel ho og viser til at måling av langtidsblodsukkeret er kvalitetssikra av Noklus slik at apoteket ikkje sender friske folk til legen eller lar sjuke tru dei er friske.

— Eg vil oppfordra alle som er over 45 år og som trur dei er i risikosona for å få diabetes, om å testa seg, avsluttar doktorgradsstipendiat og prosjektleiar Aslaug Johanne Risøy.

Apoteka som er med i forskingsprosjektet er spreidde over heile landet. Diverre er ingen av desse på Haugalandet. Dei næraste er to i Stavanger og tre i Bergen.