Fleire store daude makrell var å sjå i Etnefjorden i helga.
FOTO: ARNE FRØKEDAL
Fleire store daude makrell var å sjå i Etnefjorden i helga. FOTO: ARNE FRØKEDAL

Daude fisk i Etnefjorden

Den daude fisken var synleg frå Julaskår og langs stranda eit godt stykke forbi Fjøsna. Fisken hadde tydeleg lege i sjøen ei god stund og har god mat for måke og annen sjøfugl.

Det er førebels ukjend korleis den daude fisken har hamna i i området. Kor store mengder det dreier seg om, er heller ikkje godt å seia ettersom fisken kan også ha gått til botnars før den rek inn mot land.

Har du tips i saka, ring Grannar på tlf.  975 70 789.