Etterforskar hytteinnbrot

Etne og Vindafjord lensmannskontor etterforska måndag eit mogeleg hytteinnbrot i Fjæra-området. — Det kan vere snakk om nokon som har lånt seg ly for ei natt, eller så er det eit innbrot, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Politiet ser førebels saka i samanheng med at to utanlandske statsborgarar skal ha banka på dører i området ved 19-tida nyttårsaftan. Han fortel at politiet var i kontakt med dei to utlendingane om kvelden nyttårsaftan, men det var før innbrotet var meld. — Då forklarte dei at dei skulle til Simlebu (Haugesund turistforeining si hytte, red.merknad) for å feire nyttår, fortel lensmann Ingvar Gjærde. Politiet har ikkje fått kontakt med dei to etterpå.