Fekk tre over fot

Ein mann er køyrt til legevakta i ambulanse etter ei arbeidsulykke i Etne onsdag ettermiddag. Uhellet der mannen fekk eit tre over foten, skjedde i samband med felling av tre ved Etne sjukeheim, opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.