Det blir fem geografiske driftseiningar i Sør-Vest politidistrikt og tre av dei blir i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Det har leiinga og organisasjonane i politidistriktet forhandla seg fram til, og det er i tråd med forslaget til politimeister Hans Vik før forhandlingane starta, opplyser politidistriktet.
Etne og Vindafjord lensmannskontor blir ei driftseining saman med lensmannskontora i Sauda og Suldal. Eitt av lensmannkontora skal ha leiaren for den geografiske driftseininga, og det er enno ikkje avklara kva den geografiske eininga skal ha i fellesskap ut over det samarbeidet dei har i dag.
Namn seinare
Stord bli ei av driftseiningane, og det er enno ikkje klart om denne delen av Sunnhordland skal høyre til Vest eller Sør-Vest politidistrikt i framtida.
Dei tre andre driftseiningane består av tenestestadene Haugesund og Karmøy, dessutan ei eining for Stavanger, Ryfylkeøyane og Søre Ryfylke, og den siste er Sandnes, Jæren og Eigersund. Det er bestemt at leiaren for denne eininga skal sitje på Bryne.
Namna på einingane er ikkje avgjorte enno, og dei skal politimeisteren bestemme etter ein intern namnekonkurranse i politidistriktet.